Singerheimen – ei kulturperle i Olden

Unn deg eit minneverdig opphald i historiske omgivelsar – med flott utsikt til fjord og fjell



Singerheimen vart bygd av den amerikanske stålarvingen og kunstnaren William Henry Singer Jr.

Eigedommen består av ni hus der dei fleste er måla i ein spesiell turkisgrøn farge som skal gjenspegle fargen i Oldenelva når blåbreen smeltar.
 Singer sitt målarstudio og mausoleet er kvitmåla.
Kona, Anna Spencer, elska sterke fargar, mønster og blomar. Huset er fylt med møblar i jugendstil, handlaga i London og handmåla i Paris.
Den spesielle historia skapar ei unik atmosfære i hovudbygningen.

Singer finansierte to museum: Singer Laren i Nederland og Washington County Museum of Fine Arts.



HISTORISK TIDSLINJE


Ei unik historie skapar ei unik atmosfære.

Denne tidslinja fortel historia frå William Henry Singer Jr. sin fødsel i 1868 fram til Singerheimen i dag.




På Singerheimen kan du overnatte i hovudbygningen eller i gjestehuset.
Staden er spesielt godt eigna for arrangement for små og mellomstore grupper.



HOVUDBYGNINGEN

I hovudhuset er det 19
sengeplassar. Her kan du sove
godt på William eller Anna
Singer sitt soverom – i deira
eigne sengar. Staden passar spesielt godt
små- og mellomstore grupper
som ønskjer å nyte den gode
og fredelege atmosfæren i dette unike huset.

Gjestehuset har 4 dobbeltrom,
minikjøkken, 2 bad og stove. Passar for familiar og grupper
som ønskjer å stelle seg sjølv.


ornament

SELSKAP

Singerheimen er perfekt for
familiesamlingar, jubileum,
bryllaup og konfirmasjon.

Ved slike anledningar
blir festbordet dekka med
Singer sitt flotte gullservise.
All mat er heimelaga.


TA KONTAKT FOR MENYFORSLAG

Telefon: 920 84 187
Epost:post@singerheimen.no


ornament

KONFERANSE

I hovudhuset har vi konferanse-
rom med AV-utstyr og trådlaust nett
for 12-15 personar.
Her kan bedrifter ha møter,
konferansar og relasjonsbygging
i naturskjønne og fredelege
omgjevnader.


ornament

OMVISNING

Vi tilbyr guida omvisning på
eigedommen når vi ikkje har
gjester. Du får fortalt den unike
historia om ekteparet Singer,
og besøker bl.a. atelieret til William,
der han arbeidde og
kunsten hans er stilt ut.

Ta kontakt på telefon 920 84 187
om du ønskjer omvisning.
Prisen er 100 kr per person


ornament


MAT OG SERVERING


Vi tilbyr overnatting med frukost,
heil- eller halvpensjon.
All mat er heimelaga, og vi tilpassar
menyforslag og servering
også etter kunden sitt ønskje.


ornament

Adresse: 6788 Olden, Sogn og Fjordane, Norge
Telefon: 920 84 187
Epost: post@singerheimen.no


Singerheimen har ope frå 1. mai til 1. oktober
- same perioden som ekteparet Singer budde her kvar sommar.


Bookingforespørsel

Ditt namn (obligatorisk)

E-postadresse (obligatorisk)

Telefonnummer (obligatorisk)

Ønsket ankomst (f.eks. 01.08.2015)

Ønsket avreise (f.eks. 07.08.2015)

Antall personar

Ønsker eller kommentarer?

Tilbakemelding
 E-post Telefon



adminStartside